vil du vite kven du er
spør strandmumlarane
dei knuffar ikkje kvarandre med kvasse kantar
dei har mumla seg til samliv i ti tusen årvil du vite kven du er
spør strandmumlarane
dei veit det meste
dei har mumla i lag under Jærens sin høge himmel
dei kan du lytte til
du er ein del av dei
dei er ein del av deg
sett deg ned ei stund på stranda
mumla litt med strandmumlarane
der får du vite det viktigaste som har hendt
dei siste ti tusen åra
Askill Voll